Losnaspelet
| PROGRAM | HISTORIKK | ROLLENE | KART | SAMBAND | OVERNATTING | BILLETTAR | SISTE NYTT | ANSVARLEGE | EPOST |
RIDDARANE AV LOSNA

Riddarane av Losna

Suvenirar



FRÅ FJØSGALLERIET

Fjøsgalleriet 2014
Fjøsgalleriet 2014

Hovudutstilling med maleri av Malvin Berqvam. Keramikk v/ Marianne Hansen. Måleri av Jan Willy Folgerø Holm.

Malvin Berqvam 1910 - 1991

Malvin Berqvam vart fødd i Førde. Han må ha utmerka seg som flink å teikna alt som barn. I 1927 var han elev av Nikolai Astrup. Etter fleire år med sjølstudiar, blei det utdanning i Bergen, Oslo og København på 40-talet. Han har mest av alt ein ekspresjonistisk målarstil. Men han er og ein impresjonistisk målar som ynskjer å gje utrykk for kjenslene naturen skapar i han. På utstillinga vil du finna måleri, akvarellar og monotypi. Han har og mange pastellar og ein teknikk han kalla utsprengning. Dette var ein teknikk han sjølv utvikla og som skulle vera hemmeleg. Dei fleste bileta er landskap, men han måla og oppstillingar og han laga ein del portrett. Du vil finna mange motiv frå områda kring Førde og frå Fardal i Sogn. Ei tid budde han med kona si i Lifjorden. Tanken var å leiga ein gard og busetja seg der. Det fins og eit måleri med motiv frå Lifjorden. Han har delteke i fleire utstillingar både i Oslo og her i fylket, i Førde, Florø, Høyanger, Hermansverk og Leikanger. Han utsmykka Trudvang skule og Solhov Ungdomshus i Sogndal. Han er også innkjøpt til samlingar i utlandet. Siste utstilling var i Førde Kunstlag i 2013. På 60- og 70-talet var han lærar på fleire teikne- og målarkurs. Han fekk Bildende kunstneres stipend i 1946.

WEBANSVARLEG