Losnaspelet
| PROGRAM | HISTORIKK | ROLLENE | KART | SAMBAND | OVERNATTING | BILLETTAR | SISTE NYTT | ANSVARLEGE | EPOST |
RIDDARANE AV LOSNA

Riddarane av Losna

Suvenirar



Kort historikk

Eindride Erlendson representerte landet vårt under kongekroninga i Kalmar 1397. Etter kroninga vart han slått til riddar av dronning Margrete. Herr Eindride Erlendson var blant Noregs rikaste og mektigaste menn i starten av 1400-hundre talet.

Eindride Erlendson var ein viktig støttespelar for dronning Margrete. Han fekk kommandoen over dei viktige festningane Akershus, Tunsberghus og Bergenhus.I tillegg vart han tildelt store jordeigendomar langs kysten frå Sørlandet til Romsdal. Herr Eindride hadde også andre sentrale posisjonar; han var medlem av riksrådet, var sysselmann fleire stader, fehirde, hoffsjef og lagrettemann. Dronning Margrete ville ikkje ha for mange å rådføre seg med. Når ho kalla inn riksrådet var det som oftast berre to menn som fekk innkalling: Bisp Jacob Knutson og Eidride Erlendson av Losna.

Eindride Erlendson var av Losnaætta. Ei høgadelslekt som hadde hovudsete på øya Losna, ytterst i Sognefjorden. På det meste kontrollerte ætta ca. ein tjuefjerdedel av all skyldsett jord her i landet. Både søstra til Eindride, Sigrid, og sonen Erlend vart inngifte i den gamle norske kongeslekta. Losnaætta gjekk etterkvart over i adelsættene Rosenkrantz, Rantsau og Thott, og var borte som storætt på slutten av 16-hundre talet.

På Losna er det i dag få ting som minner om adelsætta frå mellomalderen. Ei stor steinhelle, Bårehella, er sannsynlegvis siste rest av hovudsetet. Namnet Kirkjeneset tyder på at Losnaætta hadde eit huskapell her, men det er i dag ingen synlege teikn etter kyrkja. Andre interessante namn er Frustova, Torsbordet, Bussevikja og Tollesundet. Det er også ting som tyder på at Losnaætta kan ha drive kvernsteinprodusjon på øya. I Kvernberget er det tydelege spor etter ein større kvernsteinindustri.

Kåre Magne Losnegard

Eit drama frå riddartida i Noreg av Rolf Losnegård

Boka "Riddarane av Losna"

sffarkiv.no/

WEBANSVARLEG