Losnaspelet
| PROGRAM | HISTORIKK | ROLLENE | KART | SAMBAND | OVERNATTING | BILLETTAR | SISTE NYTT | ANSVARLEGE | EPOST |
RIDDARANE AV LOSNA

Riddarane av Losna

Suvenirar og ættetavler



Losna skule 1959/60

Losna skule 1922 - 1968

I 1922 fekk Losna eige skulehus. Skulen vart bygd på Tronneset, eit verhardt nes nær det vesle bruket Losnelia (Gjeren). Det vart ca 2 km skuleveg i ulendt terreng frå busetnaden på indre Losna (på austsida), og ein tilsvarande avstand frå Losnedalen og Juvika på vestsida. Krakhella høyrde også ein periode til skulekrinsen på Losna. Elevane derifrå måtte fyrst ro over Krakhellesundet, for deretter gå to-tre kilometer. Om vinteren i snø og sludd kunne denne skulevegen vere ein stor utfordring for både store og små.

Skulen vart i 1958 flytta til eit privathus på indre Losna der dei fleste elevane budde. Elevane frå vestsida måtte då innkvarterast hos private. Siste skuleåret på Losna var i 1967/68. Då var det berre tre elevar på Losna skule.

Lærarar som har undervist på Losna skule 1948-1968:

1948/49 Ingebjørg Teigen
1949/50 S. Mykletun
1950/51 Harald Mjømen
1951/52 Martin Huslid
1952/53 Kjersti Torvund
1953/54 Håkon Mollandsøy
1954/55 Magne Hatlem
1955/57 Kjersti (Torvund) Eide
1957/58 Svein Synnevåg
1958/59 Jorunn Træland
1959/60 Harald Haldorsen
1960/61 Lilly Merkesdal
1961/62 Kåre Nyhamn
1962/63 Gunnar Risnes
1963/64 Asbjørn Lidal
1964/65 Liv Johnsen
1965/66 Edel Risberg
1966/67 Edel Sund
1967/68 Kari Falck

WEBANSVARLEG