Losnaspelet
| PROGRAM | HISTORIKK | ROLLENE | KART | SAMBAND | OVERNATTING | BILLETTAR | SISTE NYTT | ANSVARLEGE | EPOST |
RIDDARANE AV LOSNA

Riddarane av Losna

Suvenirar



Riddaren kjem

Program 2016.

Fredag 29. juli.

14.00 Kafé, grill og div. aktivitetar

16.00 Konsert med Olav Stedje

Olav Stedje er som mange veit frå Sogndal og kjend som "gullrøysta frå Sogn". "Ein Nordmann sin draum" og "Vi vandrar saman"er klassikarar i norsk populærmusikk. Men Stedje er også kjend frå Radio Røynda og Ivar Medaas-kabareen "Dar kjem dampen". Og dampen har ei sterk stilling på Losna for dei som har levd ei stund, For fotballinteresserte er "Stao no pao" ein sikker vinnar. Stedje har gjeve ut 13 album og fekk spelemannsprisen i 1982 og fylkeskulturprisen i 1986.

18.00 Fest på øvre Låven.

Etter konserten ca. kl. 18.00 blir det samling i 2. etasje i Låven. Her er det ca 70 sitjeplassar og sal av mat og drikkevarer. Ein pakke med varmrett med brus, øl eller vin til vil koste kr. 100,-. Det første Losnaspelet var i 1998 og fleire som har vore med frå starten har fylt runde år i det siste. Det vil me markere her og alle er like velkomne hit.

20.00 Dans med Ludvik Kjellevold

Kl. 20.00 startar dansen. Og som vanleg er det Ludvik Kjellevold som spelar opp med fengande dansemusikk. I baren er det mogeleg å kjøpe brygg etter gamle oppskrifter i tillegg til eit variert utval av andre typer drikkevarer. Ta med vener og familie og møt opp på Låven olsokafta, 29. juli.

Til framsida

Olav LcKoK

WEBANSVARLEG