Losnaspelet
| PROGRAM | HISTORIKK | ROLLENE | KART | SAMBAND | OVERNATTING | BILLETTAR | SISTE NYTT | ANSVARLEGE | EPOST |
RIDDARANE AV LOSNA

Riddarane av Losna

Suvenirar og ættetavler



Eit drama frå riddartida i Noreg

Riddarar fanst det slike i Noreg? Var det ikkje berre på Frankrike og Englands grøne enger mellom veldige gamle eiketre at dei edle menn kjempa til hest, væpna med rustning og lanse, om fagre møyars gunst? Kanskje er det vanskeleg å sjå for seg at riddarturneringar gjekk av stabelen på forblåsne svaberg i Solund. Men riddarar fanst her. Ein av dei skal vi møte i Losnaspelet - Herr Eindride til Losna. Rettnok budde han i Oslo og ikkje her på øya då han på slutten av 1300-talet vart riddar og ein av dei næraste rådgjevarane til Margrete, dronning av Noreg, Sverige og Danmark, men det var Kyrkjebø, Osland og Losna som var utgangspunkt og kjernen i det imperiet av eigedom som ætta bygde opp. Omlag ein femtepart av alt land i Noreg! Var kvernsteinsbrotet i Hyllestad og Gulatinget også byggjesteinar i dette imperiet? Kom Losnaætta opphaveleg frå Orkenøyane, eller kanskje frå Skotland, sidan den har Sinklarætta sitt merke som ein del av våpenskjoldet? Slåst forfedrane på kong Sverre si side i slaget ved Fimreite og fekk eigendomar i Sogn som takk for hjelpa? Spørsmåla er mange og svara få, men det er lov å ta fantasien til hjelp.

Riddaren frå Losna.
Truleg fekk han riddarslaget; sverdet lagt på herda si av dronning Margrete. Men først måtte han sverje riddareiden. Lova å verje dei små og svake, enkjer og faderlause. Slåst for den kristne trua mot heidningane. Stille seg på det gode si side mot dei vonde og nedbrytande kreftene i livet. Riddarturneringane var kampar som symboliserte dette. Adelskvinnene som sat og såg på, valde sin riddar. Liksom riddarane måtte gjere sine val, velje si side i striden. Og liksom vi må velje vår side mellom dei som står mot kvarandre i livet, i verda.

Kan riddarkampar og riddarideal ha noko å fortelje menneske i vår tid?
Eg trur det. Som forfattar og dramatikar er det menneske i valsituasjonar eg skriv om heile tida. Det er i valsituasjonen vi viser oss som menneske. Val mellom dei store tinga: det vonde og det gode. Kjærleik eller hat. Fred eller krig. Kven vi vil leve saman med. Eller kva vi skal ha til middag. Av og til kan også det vere viktig nok. Det er ein del slike valsituasjonar i dette spelet. Ein av dei står riddaren sjølv midt oppi. Fylg med!

Rolf Losnegård

Boka "Riddarane av Losna"

WEBANSVARLEG